FIL Orientering inviterer til premiefest søndag 10. november klokka 16.00

Postet av Førde IL Orientering den 30. Okt 2019

Etter ein strålande orienteringssesong rundar vi av med FIL Orientering sin PREMIEFEST søndag 10. november klokka 16.00 på FIL-huset i Hafstadparken. 

Året 2019 har hatt rekordoppslutning kring nærløpa, så det er det ein god del premier som vi skal dele ut denne ettermiddagen. Det vert også premiering for lagsmesterskapa og turorienteringa.

Barn og ungdom til og med 16 år blir tildelt pokal for å ha delteke på 4 eller fleire nærløp.
Løparar frå 17 år og oppover får deltakerpremie om ein har delteke på 11 eller fleire løp. 

Videre vert det premiering av dei som har blitt nr 1, 2 og 3 på lagsmeisterskap i sprint, mellom, lang og natt.
Her er det løypene for A-lang og A-kort, damer/herrer som premieres. 

Det vert også merkeutdeling for turorientering.


VELKOMMEN!





 






Nærløp Nattorientering Bekkeholten/Langelandshøgda onsdag 30. oktober kl 18.00 med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 27. Okt 2019

Onsdag 30. oktober vert det nattløp ved Bekkeholten/Langelandshøgda. Løpsstart kl 18.00.

Arena på p-plassen på nordenden av Langelandsvatnet, høgre sida frå Førde, løypene er i Bekkeholten.

A-lang 3,1 km, A-kort 2,1 km og c-løype 1,5 km.

Her er resultat:  

Resultat Natt løp Bekkeholten-301019.pdf

Resultatliste Bekkeholten Natt Strekktider 301019.pdf

 



Nærløp Nattorientering Byrkjeflot 23. oktober - med resultat og bilete

Postet av Førde IL Orientering den 20. Okt 2019

17 deltok og det var gode diskusjonar etter innkomst. Sommarleg temp, +10 grader C. Dei fleste var samde om at det var eit fint område for nattløp.  Noken fekk tilbake mista sjølvtillit andre ikkje. Det er 2 nattløp til i haust til å vise styrken sin i!



Trygve Nummedal Os , Norvald Ospehaug og Jon Anders Schei i diskusjon etter innkomst.

Torbjørn Os og Anders Fagerstrøm Slåtten.

FIL Orientering ønskjer velkommen til nattorientering!

Frammøte; Sundsdalen, retning Kinna, ta av mot Byrkjeflot. Parkering og s-plass i grushola før Byrkjeflot. 

Frammøtetid: ca 18.40, ca15 min å gå til start for AL og AK. 100 m stigning. C eigen start v s-plass.

Start: frå kl.19.00

Løyper; 
AL 3,6 km
AK 2,2 km
C 1,5 km

Terreng: Furuskog og bjørkekratt ,fin botn, ein del myr i skråli, du kan trenge kompass. 

Vel møtt!


O-posten vil ha di historie!

Postet av Førde IL Orientering den 13. Okt 2019

Det er tid for oppsummering av o-sesongen 2019. Mange av medlemmane våre har deltatt på ulike orienteringsløp, både innan- og utanlands. 

Vi håpar at dykk har minner frå turane som de vil dele med oss.

Her er historia om det aller første orienteringsløpet, den store bommen på sisteposten, nærløpet med minsten som vart til ein blåbærtur kring post nummer fire eller eit minne frå ein turorientering like interessant som møtet med en nybakt verdsmeister.

Vi vil ha alle disse historiene, både lange og korte, gjerne med bilete, om du har!

For å få til ei utgave av O-posten utan berre oppramsing av resultat og statistikk er vi avhengig av hjelp frå deg!

Håpar at mange vil bidra. Har du ei historie eller eit bilete frå årets sesong som kanskje kan være med? Send inn tekst og/eller bilete til: husevaglobben@gmail.com

O-posten er planlagt til å vere klar før premiefesten den 10. november, så deadline for bidrag er 1/11. 




Nærløp Nattorientering i Blomlia 16. oktober - med resultat og bilete

Postet av Førde IL Orientering den 13. Okt 2019

Nattløp orientering ved Blomlia onsdag 16. oktober. Tidspunkt for løpsstart er klokka 19.00. Velkommen!


Resultat: 191016resultat.pdf



Invitasjon til idrettens møteplass og ope møte laurdag 26. oktober på Sandane

Postet av Førde IL Orientering den 8. Okt 2019

Sogn og Fjordane idrettskrins inviterer til samlinga Idrettens møteplass 2019. Den vert arrangert i Trivselshagen på Sandane laurdag 26. oktober. 

I samband med dette arrangerer Sogn og Fjordane orienteringskrins ope møte på Firda vgs.

Ungdom i alderen 12 – 19 år blir inviterte til felles treningssamling medan det er eige program for vaksne med interesse for idrett.

I år er samlinga (inkl. lunsjen) gratis for alle interesserte. Deltakinga er ope for alle interesserte, så FIL orientering oppmodar alle om å melde seg på!

Påmeldingsfristen er torsdag 17. okt.

Invitasjonane kan lastast ned her:




Lagsmeisterskap nattorientering 9/10-2019 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 7. Okt 2019

FIL orientering arrangerer LM natt onsdag 9. oktober klokka 20.00.


RESULTAT: Resultat LM-Natt 091019.pdf


Løypelegger Kurt melder følgende:

Oppmøte ballbingen/lysløypa i Masdalen, ca 6 km fra E39 mot Sundsdalen.

A-lang ca 3,5 km, A-kort ca 2,5 km og C-løypa ca 1,8 km.

Kartene til A-løypene deles ut ved start, ca 150 meter sørvest for samlingsplass. Kartene til løpere i C-løypa deles ut ved registrering, samme startsted som A-løypene.

Løypelegger lover varierte løyper, grov- og finorientering, kompasstrekk og våte føtter.

For dere som skal delta, eller tror dere skal delta, dere kan forhåndspåmelde dere via e-post til kugroen@online.no innen onsdag kl 1500. Oppgi navn, løype og brikkenummer.

Husk å lade lykta og ha med reservelykt.

Grendalaget i Sundsdalen har ei oppfordring om (frivillig) parkeringsavgift. Denne kan betalast med vipps på nr. 103904, eller ved å søke på Sunde krins grendalag. Der ligg det ein meny for å velje betaling for m.a. parkering. Prisen er kr 35 per bil.