Innetrening onsdagar kl 20-21 ved Slåtten skule

Postet av Førde IL Orientering den 18. Nov 2019

Førde IL Orientering har fått tildelt treningstid i gymsalen på Slåtten skule onsdagar kl. 20-21.
Oppstart er treninga er onsdag 20 november. 

Opplegget blir oppvarming, styrketrening med o-tekniske oppgåver og uttøying.  

Vi avsluttar med gjennomgang av oppgåvene.


Målgruppa er ungdom frå ca 12 år og oppover, voksne kan også delta.

Vi ønsker nye deltakarar velkommen.


Frå krinssamling på Nøtterøy i Vestfold og på Onsøy i Østfold

Postet av Førde IL Orientering den 11. Nov 2019

Eit innlegg som dessverre ikkje kom med i O-posten er eit referat frå krinssamlinga i Vestfold og Østfold. Redaktøren beklagar dette, og legg det ut her: 

Fra_samling_pa_notteroy_og_pa_onsoy.pdf



Bilder frå Premiefesten 2019

Postet av Førde IL Orientering den 10. Nov 2019

Rekordmange på nærløpa i år, rekordmange som får premie. Då er det gledeleg at det møtte opp nesten femti personar på Premiefesten. Det vart delt ut premier for turorienteringa, nærløpsdeltaking og lagsmeisterskap. 

Innimellom var det litt tid til kaffe, brus og kake også. Takk til alle som møtte opp, og hugs at vi forhåpenligvis ikkje er heilt ferdige med sesongen enno. Om snøen ikkje er alfor djup, vert Romjulsløpet arrangert 2. juledag. 



O-posten 2019

Postet av Førde IL Orientering den 10. Nov 2019

O-posten for hausten 2019 er klar.  Her finn du oppsummering av årets sesong, med full statistikk for alle nærløp, resultat frå lagsmesterskapa og andre aktivitetar som FIL Orientering har gjennomført i 2019. 

Heile bladet finn du HER

Tidlegare utgåver finn du på vårt Filarkiv i mappa O-posten.



Nærløp Nattorientering ved Soleide 6/11 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 5. Nov 2019

Resultat: Nattløp 6.pdf

 


Flotte forhold for nattløp ved Soleide onsdag 6/11. Løpsstart klokka 18.00.

Turt og fint i skogen. Truleg vil dei fleste komme gjennom løypene turrskodde. Løypene er på 3 km, 2.3 km og 1.2 km. Litt frost, så piggsko passar nok best.