Sunnfjororienteringa 2019 5. juni - Med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 29. Mai 2019

  FIL Orientering ønsker velkommen til Sunnfjordorienteringa      onsdag 5. juni klokka 18.00


RESULTAT SUNNFJORDORIENTERINGA: Sunnfjordorinteringa resultat 2019.PDF

Link til EVENTOR: https://eventor.orientering.no/Events/Show/10799 


Orienteringsløpet finn sted på vegen mot Kinna, ca 4 km frå Sundsdalskrysset. Sjå kart nedanfor. 

Vegen er merka med o-skjermar frå E39/Sundsdalskrysset. 








Løpet vert rekna som eit av nærløpa i 2019, så løparar med sesongkort har fri startavgift. Ellers deltakaravgift som ved ordinære nærløp. 

Påmelding vil vi gjerne ha på Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/10799 eller ved oppmøte løpsdagen.

Området har ikkje alt for mange parkeringsplassar, så vi oppfordrar til å køyre saman, om mogleg. Dette er både sosialt og miljøvennleg. Følg instrukser fra parkeringsvaktene.

Til høgre ei skisse over området hvor parkering, start og mål er.

Inngangen til løpsområdet er nokså smal, derfor bør all oppvarming foregå langs vegen.

Det er fri start for alle i N-løypa og Flexistart for dei øvrige klassane.

Flexistart betyr at ein kan starte når det passar mellom kl. 18.00 og kl 19.00, men ein funksjonær ser til at det blir minst eitt minutt mellomrom mellom kvar løpar i same løype.

Verd å merke seg er at det vert premiering til alle deltakarar under 13 år.

Velkommen til alle!




Meir informasjon finn du på invitasjonen til Sunnfjordorienteringa 2019 nedanfor. Den kan også lastast ned her: Sunnfjordorienteringa.pdf







Nærløp Førde Vassverk, Sundsdalen, onsdag 22/5 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 16. Mai 2019

Onsdag 22. mai klokka 18.00 arrangerer o-gruppa orienteringsløp ved Førde Vassverk, ca 1,5 km frå Sundsdalskrysset, retning Sundsdalen. Sjå kart nedanfor. Vegen er merka med o-skjermar frå E39. 

Løpet har også status som lagsmeisterskap mellomdistanse.

Her er resultatet fra løpet: Resultat Sundsdalen LM 220519.pdf

Link til Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/11327 

Strekktider A-lang menn: Sundsdalen strekktide A-Lang LM 220519.pdf

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved førehåndspåmelding til løpet i Eventor.

Dette er også siste dagen for deltakarane på O-skulen, som startar som vanleg klokka 17.30.

Velkommen!



Innbyding til ungdomssamling og pinseløpa 8.-10. juni

Postet av Førde IL Orientering den 14. Mai 2019

Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til ungdomssamling i samband med pinseløpa på Hedmarken i pinsehelga, 8.-10. juni.

Nedanfor kan du laste ned innbydinga til ungdomssamlinga:

Ungdomssamling - pinseløp Hedmark 2019.pdf

Det er bestilt eit stort hus på Stange med 21 sengeplassar til deltakarane frå Sogn og Fjordane Orienteringskrins. 16 personar frå krinsen er allereie påmeldt, så dette ser lovande ut!

Påmeldingfrist til samlinga er 24. mai.


Innbydinga til pinseløpa kan du laste ned her: Innbydelse Pinseløpene.pdf



Velkommen til Sunnfjordorienteringa onsdag 5. juni

Postet av Førde IL Orientering den 12. Mai 2019

Her er invitasjonen til Sunnfjordorienteringa 2019: 

VELKOMMEN-1_Sunnfjordorienteringa.pdf

Løpet reknast som eit vanleg nærløp, så løparar med sesongkort for nærløpa har fri startavgift. Ellers deltakaravgift som ved ordinære nærløp. 

Eventor har no opna for påmelding: https://eventor.orientering.no/Events/Show/10799 



Rotekoppen 2019 - onsdag 29. mai

Postet av Førde IL Orientering den 12. Mai 2019

Breimsbygda IL ønskjer velkomen til Rotekoppen 2019 onsdag 29. mai kl 19.00.

Løpet går frå fjellstova på Utvikfjellet, og terrenget beskrivast som varierande lettløpt/ope. 

FIL Orientering oppmodar til samkøyring denne kvelden, og håpar at vi kan fylle opp bilane med superklare o-løparar, gode sko og raske briller!

Invitasjonen finn du her: Innbyding Rotekoppen 2019.pdf



Nærløp Vieåsen 15. mai - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 10. Mai 2019

Onsdag 15. mai er verdas O-dag, og FIL orientering arrangerer denne dagen nærløp frå Ballbana i Vieåsen. Fri start frå klokka 18.00. Deltakarar på O-skulen møter klokka 17.30. 

Resultatliste: Resultat Vieåsen 150519.pdf

Link til Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/11326 

Verdens Orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert kvart år av det internasjonale orienteringsforbundet (IOF). Hovudmålet er å gi flest mogleg barn og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsopplevingar og å gjera idretten kjend for fleire.

I Noreg vart det i 2018 sett ny rekord med over 35000 deltakarar.

Dette arrangementet har også i Førde hatt ei jamn auke i antall deltakarar dei siste åra. Frå 34 deltakarar i 2016, til 40 i 2017 og opp til 47 deltakarar i fjor. Sjølvsagt satsar vi på å sette ny rekord også i år, så oppfordringa er klar: 

-Bli med oss denne kvelden!           

Vi ønsker velkommen til alle store og små som ønsker å prøve ein spennande idrett!

På nærløpa finn du løyper for alle nivå, enten du er nybegynner eller erfaren orienteringsløpar!

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Påmelding ved frammøte, men vi oppfordrar så mange som mogleg til å melde seg på løpet i Eventor. Dette er heilt gratis, og det tar kort tid for deltakarane å registrere seg. Registeringsarbeidet før og under løpet vil då bli enklare og spare tid for alle på løpsdagen. 

Vi sees!



Turorienteringssesongen er i gong!

Postet av Førde IL Orientering den 9. Mai 2019

Dra på tur når det passar deg. Turorientering lèt deg finna naturens ukjende perlar når du ønsker det og byr på spenning og opplevingar utanom det vanlege! 

Dette lovar dei på http://turorientering.no 

Der ligg no seks turar som ein kan kjøpe og laste ned. Her kan du kjøpe enkeltturar eller gå for turpakkene som inneheld dei lette turane (grøne og blå turar) eller turar som er litt meir krevande (svarte og raude turar). Den siste turpakka inneheld alle seks turane som FIL Orientering tilbyr. Denne er din for 200 kr. 

Så fort du har kjøpt turane kan du laste ned og skrive ut orienteringskarta. Vi ønsker deg god tur!

Turpakka "Turorientering 2019" kan også kjøpast hos Erdal Sport i Førde.

Meir informasjon om turane til Førde IL Orientering på: https://turorientering.no/forde/ 







Invitasjon til O-troll-leir 25.-26. mai

Postet av Førde IL Orientering den 2. Mai 2019

FIL Orientering inviterer til årets O-troll-leir! 

Vi lovar mykje moro for alle barn mellom 8-12 år som har lyst til å lære orientering! Det er mogleg å delta kun på dagtid, men det er også tenkt at dei eldste kan overnatte. Det blir fokus på det sosiale, men vi vil også legge opp til eit par treningsøkter/leikeøkter. Dei som ikkje har løparbrikke eller kompass får sjølsagt låne dette.

Sjå invitasjonen nedanfor eller last den ned her:   Invitasjon-O-troll-leir-2019.pdf




Nytt og nyttig utstyr på FIL-huset

Postet av Førde IL Orientering den 2. Mai 2019

Vi kan nå skrive ut alle kart til nærløpa m.m. med vår skrivar på FIL-huset. Skrivaren er ein Canon fargelaser som kan skrive ut både A4 og A3 format.  Skrivaren er kopla til ein Lenovo PC med Windows 10 operativsystem. I tillegg har vi installert OCAD 19 ("for teams"), og komplett MS Office 365.  Andre program, f.eks. Purple Pen, kan etter behov lastast inn på PC'en frå nettet. 

Du loggar inn på PC'en med Brukarnamn: Orientering og Passord: 4321.  Når du skal skrive ut kart må du ha med ein minnepinne med både løypefiler og kartfil for det aktuelle løpet. Ved bruk av web-mail (gmail, outlook, enivest, telenor, osv.) kan du alternativt sende dei aktuelle filene som vedlegg på e-post til deg sjølv, logge deg inn på din e-post på PC'en på FIL-huset og hente filene på den måten. Vi reknar med å legge inn oppdatert kartfiler på PC'en etter kvart.  Bakgrunnskart kan dermed hentast rett frå PC'en.