O-løp og premiefest søndag 11. november ved FIL-Huset i Hafstadparken

Postet av Førde IL Orientering den 28. Okt 2018

Etter ein god o-sesong rundar vi av med FIL Orientering sin PREMIEFEST søndag 11. november i Hafstadparken. 

Vi kan avsløre at det er mange som har vore flittige til å delta på nærløpa og lagsmeisterskapa i år, så vi har ein god del premiar å dele ut...

Vi startar kl 1500 med eit o-løp i og rundt Hafstadparken for alle som har lyst til det, med tilgang til garderobe og dusj etterpå. Oppmøte på baksida av FIL-huset mot fotballbana. 
Etter løpet blir det enkel servering og utdeling av premier både for nærløp, lagsmeisterskap og Turorientering. Sjølve premiefesten starter ca kl 1600.

Barn og ungdom til og med 16 år blir tildelt pokal for å ha delteke på 4 eller fleire nærløp.
Løparar frå 17 år og oppover får deltakerpremie om ein har delteke på 12 eller fleire løp. 
Videre vert det premiering av dei som har blitt nr 1, 2 og 3 på lagsmeisterskap i sprint, mellom, lang og natt.
Her er det løypene for A-lang og A-kort, damer/herrer som premieres. Det vert også merkeutdeling for turorientering.

Kanskje vert det også tid til ein runde med O-bingo til slutt?

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.