Førde IL sin Heiderpris til Egil Nestande!

Postet av Førde IL Orientering den 4. Apr 2019

Under årets festmiddag for Førde Idrettslag vart det delt ut heiderspris til medlemmer som har lagt ned ein formidabel innsats i minst 20 år. 

Ein av dei som vart hedra var vår eigen Egil Nestande. Gjennom nærmare 50 år har han lagt ned ein enorm innsats for O-gruppa og orienteringssporten i Førde og Sogn og Fjordane. 

Gratulerer med velfortjent heider for innsatsen, Egil! Tusen takk frå alle i O-gruppa! 

I 2015 vart også Egil tildelt æresmedlemsskap i Førde IL Orientering.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.