Nærløp Djupedalen onsdag 19. juni klokka 18.00

Nærløp Djupedalen onsdag 19. juni klokka 18.00


Tid


Nærløpet onsdag 19. juni vert arrangert ved Djupedalen Hyttefelt. Avkøyring frå vegen til Bygstad, ta av første veg til høgre etter flyplassvegen. Avkøyringa er merka med o-skjermar.

Vegen til Djupedalen er bomveg, kr 50,-. Det er mogleg å betale med Vipps.

Start frå klokka 18.00.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.