Skiskulen 2022

Skiskulen 2022


Arrangør: Førde IL - Alpin
Påmeldingsfrist: 21.01.2022 02:00

Tid


Pris

Påmelding fra kr 769,-

Mobile Førde skiskule!

Førde Alpin vil i samarbeid med Sunnfjord skisenter og våre sponsorar ynskje ditt barn velkommen til årets skiskule. Skiskulen startar torsdag 20. januar. klokka 18:00. Stad: Sunnfjord skisenter i Blomlia. 

 

Førde alpin tilbyr skiopplæring til barn og unge fødd i år 2017 og eldre. Fire kurskveldar torsdagar klokka 18:00-19:30, og eit telenor-renn.

Torsdag 20. og 27. Januar

Torsdag 3. og 10. februar

Pris 800,- kroner for kurset. Betaling for heiskort kjem i tillegg.

Alle som deltek på skiskulen får tilbod om å halde fram med alpintreninga etter skiskulen kvar torsdag med oss i Førde alpin gjennom resten av sesongen. 

Deltakarar på skiskulen får tilbod om å kjøpe årskort til redusert pris i Sunnfjord skisenter Blomlia for kroner 1700,- Årskortet kan du kjøpe i billettluka på Sunnfjord skisenter når vi har registrert di påmelding. Hugs på at det er gratis skikort for 4. klassingar og born 0-6 år.    

Våre instruktørar vil gjere sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving og vi garanterer skiglede. Vi ynskjer ditt barn velkommen og gledar oss til å treffe nye og tidlegare deltakarar.  


Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, første målet er at alle skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er dei fleste borna på plogsving etter 2 - 3 kveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta og går passeleg fort for dei minste, vi har og gode hjelparar i heisen. 

 

Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket aleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil være både i den nye familiebakken og i storebakken. 

 

Gruppe 3: Freeski

Freeski er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før og kunne ta seg kontrollert ned.


Vi er opptatt av leik, moro, miljøbygging og meistring.



Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Levert av IdrettenOnline