Nattorientering Sundsdalen - onsdag 19. september kl 19.30 med resultat.

Postet av Førde IL Orientering den 16. Sep 2018

Hausten er jo full av høgdepunkt, men for orienteringsløparar er nok natt-O-løpa det største! 

Terminlista har åtte løp på onsdagane utover hausten. Nøyaktig tidspunkt for start vil bli gjort kjent på heimesida og Facebook nokre dagar før løpa. O-nattløp Masdalen 19.09.18.pdf

Onsdag 19. september vert det start frå kl 19.30. 

Staden er Naturmøteplassen og lysløypeanlegget i Sundsdalen. Løypeleggjar Helge kan melde om flott terreng, relativt flate og fine trasèar. A-løypene er på omtrent 3,5 og 2,4 km. C-løypa på ca 1,3 km.

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund... Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Som regel vert det satt opp tre løyper: A-lang, A-kort og C-løype.

Hugs å møte opp med skjerpa blikk, eit godt kompass og fullada hovudlykter!

Ein liten inspirasjonsvideo til slutt (ekstern link): Nattorientering i Holmenkollen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.