Politiattest

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga gjaldt frå 1. januar 2009.

I Førde IL blir ordningen handtert på følgjande måte:
Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal framskaffe politiattest.

Dette gjerast i samråd med:

Dagleg leiar Per Øyvind Storevik, tlf 91819543, per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no

Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegere ilagt førelegg/dømt for brot på forhold i straffelova om seksualbrotsverk overfor born. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Innhenting på ein-to-tre:
1. Søknaden om politiattest fyllast ut av idrettslaget og den søknaden gjeld for, og undertegnast av begge. I Førde MÅ søkar overlevere søknaden til politiet då desse sjekkar legitimasjon opp mot underskrift.
2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
3: Den søknaden gjeld for, skal framvise sin politiattest til Per Øyvind.

Førde IL skal ikkje lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn. Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Med venleg helsing

Styret i Førde Idrettslag


NIF om politiattest