Sponsor symjing for parautøverane.

Postet av Førde IL - Symjing den 26. Aug 2024

På fredag 30 august, så skal Øystein Erland symje i to timar i strekk i Førdehuset til inntekt for parasymjarane i Førde IL Symjing. Med seg på laget ynsjer har å få så mange bedrifter eller privatpersonar som mulig til å støtte symjeturen. Ein kan sponse med 1 øre pr meter eller så mykje ein ynsje. (eks. 10 øre blir 700 kroner ved 7000m)

Klikk inn på vedlegget og signer og send i retur til adressa på vedlegget, så er du med og støtter symjeturen.

Sponsor symjing 2024.pdf




Holsa Open Water 2024

Postet av Førde IL - Symjing den 18. Aug 2024

Holsa Open Water 2024 blei arrangert for tredje gang denne helga. Vanntemperaturen hadde sunket under 15 grader, og det blei beslutta at ein skulle berre symje ein runde på 2000m. Regnet på vestlandet i sommer, har gjort det vanskelig å få opp temperaturen i vatnet. Likevell så stilte 12 stk til start i år, noko som er ein meir enn i 2023. Fortsatt håper vi på fleire deltakarar, men vi er veldig glade i dei som stilte. 

Dei fleste som var med, var tillreisande. Dei beste i Norgescupen deltok, både på herre og damesida. 

Lokalt hadde vi med 3 utøvarar frå Førde IL symjing, medan ein lokal deltakar også stillte til start. Med flotte rammer rundt vatnet satte dei 12 utøverane avgårde. Hella Höllige og Mikal Eriksen frå Førde, var med for første gang. Dei var veldig fornøgd med god gjennomføring, og særlig Mikal hadde satt seg et mål om å komme under 35 minutter og klarte det. Hella fekk ein skikkelig regnbyge over seg ved ca 500m igjen, men det brydde ho seg ikkje noke om der ho symde. Symjeklubbens mest erfarne open water symjar, Øystein Erland, symde ved sida av ho heile vegen.


Resultatliste 2000m

Damer:

1. Astrid Julie Halvorsen. Tid: 28:19

2. Linnea Christine Johansen Melø. Tid: 37:52

3. Maria Diane Kern. Tid: 38:38

4. Hella Höllige Tid: 57:26


Herrer: 

1. Håkon Skaarud Karlsen. Tid: 27:08

2. Kristina Fagerlund. Tid: 30:22

3. Erlend Anfinsen. Tid: 31:00

4. Håkon Pedersen Ludvigsen. Tid: 33:03

5. Mikal Solheim Eriksen. Tid: 33:30

6. Sindre Rinden. Tid: 34:43

7. Øystein Erland. Tid: 57:29

8. Dag Rinden. Tid: Brutt


Før start er det gjennomgang av løypa. Øystein som også er med å arrangere, tek seg av gjennomgangen.