Årets vakraste eventyr

Postet av Førde IL - Symjing den 28. Okt 2024

Denne helga var parasymjarane i Oslo, nærmare bestemt i Fjellhamar Arena. Der var det duka for ein symjekonkuranse for para utøvarar. Dette er årets store høgdepunkt, og noko dei ser fram imot, heilt sida forige gang dei var med. Å få reise på ein slik tur over fjellet med alt det innebærer av flyplass logistikk og opplevelser i hovedstaden i tilleg til sjølve symjekonkurransen, er ein stor boost for både sjølvtilitten og for motivasjonen for å jobbe vidare for å skape enda meir indrettsglede og mestrings følelse. Årets stemne hadde deltakar rekord, og det var mange symjarar som hadde tatt vegen til symjehallen denne flotte søndagen.

Dei tre symjarane våre som var med over fjellet denne gangen var Mari, Helen og Anita. Dei fekk symje to øvelsar kvar individuelt, samt ein stafett. Alle fekk gullmedalje, og alle fekk ein følelse av at dei fekk kjenne på mestringsfølelse. På bildet fv: Helen Halbrend, Øystein Erland, Mari Stadheim Eikenes, Anita Halbrend og Liv-Anna Sund Johannessen som var lagleiar på stemnet.

Mari symde kjempe bra, og seie at det er mykje kjekkare å symje konkurranse, enn å symje på trening. Ho hadde både første og siste etappen på stafetten. Tvillingane Anita og Helen var særs nøgd med bassenget, då det var samme dybda halve bassenget. Då var det mykje lettare å symje og føle seg trygge. Ei bøn dei då har med seg heim til Sunnfjord kommune er at det nye bassenget kjem med hev og senk botn, slik at ein kan ha same dybda over det heile. Til venstre er Mari som nett er ferdig med sin øvelse som heier inn Anita, då ho symde 25 meter heilt aleine for første gang, og får ein dobbel high five av Øystein.

Her er Helen på veg til mål på ein av sine øvelsar, med ein Øystein som ein sikring. Berre om det skulle være behov. Stort sett så går det veldig bra uten at han treng hjelpe til.

Oslo by gav også nokre opplevelsar. Mari og Liv-Anna drog på shopping og såg seg litt rundt i byen på eigenhånd, medan Tvillingane og Øystein for på sightseeing. Vi var innom Hotell Cèsar, Stortinget, hilste på garden ved slottet, og til slutt ein tur innom Erketunet sin cafè ved Oslo Rådhus. 

Turen har vore sponsa av bl.a Rema 1000 butikkane i Førde som ligg på Hafstadflata og ved Øyrane senter. Dette gjer at det er mogeleg å gi denne idrettsgleda og mestringsfølelsen til utøverane. 

Alle skal få muligheten til å få gode opplevingar gjennom idretten uansett kva nivå ein er på. Derfor er vi i Førde IL Symjing oppteken av at alle skal få være med, og at alle skal få oppleve noko som dei kan ta med seg vidare i livet som ein positiv opplevelse. Vi gledar oss allereie til neste år, og ønska for nye opplevingar rundt konkurransen er allereie komt på blokka. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.